Sammen om oppdraget

Foreldreskulen i Volda

I ein kyrkjelyd med mange familier med born frå 0-15år er Foreldreskulen midt i blinken. Det er godt å få litt fokus på korleis vi kan være gode foreldre og forbilde med Jesus i sentrum. Vi har i fleire omgongar arrangert samlivskurs i kyrkjelyden, og såg det som ei naturlig utviding å kunne tilby foreldrekurset no i haust. Vi ser for oss at det kan vere naturleg å veksle mellom samlivskurs og foreldrekurs i åra som kjem.

Hausten 2014 arrangerer både Herøy og Volda familiekurset, og på nyåret set Sula Frikyrkje igang med sitt foreldrekurs. Thea F.Kopperstad, som er FriBU-arbeider i Herøy, underviser to kveldar medan dei tre andre kveldane er fordelt på pastorar frå Herøy, Volda og Sula. Ved å fordele undervisninga får dei som deltek vite at dette er noko fleire meiner er viktig å ha fokus på, og dei får oppleve litt ulike innfallsvinklar.

Det er flott at vi kan samarbeide om eit slik opplegg! På den måten blir det synleg for dei som går i kyrkjelydane at kristenlivet skal levast ut i kvardagen, og at vi er mange som står saman. På foreldrekurset inspirerer vi kvarandre til å leve eit familiefelleskap som innlemmer Gud på ein naturleg måte i kvardagen.

Sølve André Hatlen, pastor i Volda Frikyrkje

Bestill Foreldreskulen på fribu.no. Målforma er bokmål.

Oppdatert 2014 11 12